mandag 24. februar 2014

TIDSFORVIRRING OG UTEDASSAR

Når Sundby & Co sparkar laus på femmila i Sotsji, kryp eg under dyna og sovnar momentant. Heilt ferdig. Då er laurdagskvelden  halv ti, og eg legg meg "samtidig" som bestfar i Byrte. Sjølv om han då sit som eit nyvakna ljos framfor skjermen, med kaffen i hand.

For andre dagen på rad, slår det sprekk på svevnen før klokka når 4 am.  Jet-lag! Medveten om at visaren heime syner 15.00.  Dei andre er meir vellintegrerte og har eit sovehjarte som held senga nokre timar til.  Eg gjer meg klar til nesten to veker med jet lag. Resten av veka her, nokon dagar i nokon lunde normal tilstand, for så byrje på ny kur.

Men så er det eigentleg perfekt. Tidlege morgontimar, er desidert noko av det flottaste som finst av tider på døgnet. Ei vare av dei sjeldne i mitt tilfelle. Og det er ei super tid å reflektere over opplevingar og erfaringar. 



Fyrsteinntrykk

Dersom ein skulle gjeve karakterar på den mottakinga som me har fått til no må det vere ein stor A, med ring rundt og + bak. Allreie på flyplassen stod ein mottaksduo klar for eskortering til leigehus og supermarknad. Om morgonane har me blitt sendt inn på coffee-breaks og kjeks før me har fått byrja dagen. På omvisningar har tilfeldige forbipasserande studentar ved universitetet helsa venleg " Hi, how are you", og tilværet pregast av eit opent, venleg, imøtekåmande og nyskjerrig kroppspråk. Folk synast uformelle og høgtidlege på same stund. Så her har me noko å leve opp til, den dagen Nesna får besøk av Anchorage. Desse opne haldningane gjer det enklare for oss å kåme "litt" meir inn på folk, då utvekslingsturen vår er relativt kort.



"Å skrike med Munch": Byggekunst i snoen

Mette snakker om Munch
Foto: Catrine Hole
Det er laurdag, studentane har eigentleg fri, men likevell viar fleire hovudtida si til å bli med på "Å skrike med Munch"-prosjektet, som naturfag og kunst og handverkseksjonen frå Høgskolen i Nesna så engasjert har spikra saman. Mette Gårdvik fortel oss om Munch, viktigheita av tverrfagleg samarbeid og stadsbasert læring, mens publikum sit og nyt pizza, ingefærøl og dei søtaste lokale kaker som er baka til oss for anledninga. Ikkje minst kom det ein student med prikk lik lobbar som fotografen vår Hans Petter. Nesna-lobbane hadde han kjøpt på ein butikk her i byen for ein billig penge.

Ein liten lunchpause inne med kaffe og skravling
Foto: Catrine Hole
 Heretter tullar me oss inn i skjerfa våre og tuslar glødande ut for å sleppe laus våre kunstneriske sider. Tidlegare på dagen har forsamlinga frå Nesna spent fast digre treplater med stroppar og fylt dei med sno. Det måtte løysningsorienterte hovud til for å tenkje ut alternative konstruksjonsløysingar då den skreddarsydde byggekassa som vart skippa over frå Helgeland, ikkje kom fram. Oppskrifta var berre å fylle desse med den lause nysnoen, pakke den flat idet me jobba oss oppover, og late den stå ein halvtimes tid, slik at snoen fekk fryse seg kompakt og hard før utkarving.

Bjørn og barn
Foto: Evelyn Utigard
Lærarane arbeidar produktivt med å lage eit stort skrikhovud, mens oss studentane ilag med Anchorage-studentane byrjar på eit samarbeidsprosjekt der me lagar ein salig skrik-collage med kvar vårt vesle hovud i. Førskulestudenten Pam, fortalte at ho var litt nervøs før start, fordi ho ikkje har noko særleg peiling på "kunst". Men etter litt klarering og diskusjon vart me samde om at det viktigaste er ikkje ambisjonane om å lage finast mogleg skrik, men berre ha det gøy i det deilige vèret. Tillate oss sjølv leik. Slik vart det også. Berre ved å stå på forskjellige sider med reidskap og pirke stimulerte til bli-kjendt samtaler, på ein heilt anna måte enn inne med kaffen. Ein unik brobyggar med andre ord. 


Fleire spanande versjonar av Munch-inspirert snøkunst!
Foto: Catrine Hole

No poppar det ein heil haug med skrik opp frå bakken i forskjellige stilar, så det er ein oppleving i seg sjølv å gå rundt på parken mellom dei forskjellige institutta. I tillegg karva me ut eit gedigent skrikopodium, i form av ei stor billedramme, som me sidan skulle få stå inni og teste ut våre eigne skrik. Nokon med sterkare skrikehjarte enn andre.


Vinterfestival og utedass-løp

"And now, even smaller and faster outhouses!"
Foto: Evely Utigard
Denne veka er det ein heil haug med ting som skjer i byen. Heile Anchorage har vakna opp frå vinterdvala og er å finne rundt om kring i gamlebyen. Ein kan dra på Saint Bernhardshund konkurransar, helikopterturar, karnevalsjoggetur, frimerke show, pelsmarknader og utedass-løp, av alle ting. Etter ein heil dag i snoen, var det full samanslutting om å undersøkje kva seistnemnde konkurranse bestod i; The Worlds largest outhouse contest! Auga våre hadde aldri sett noko liknande. Fantastisk artig å sjå dei spurtande berarane av ein sjølvsnekkra utedo med ein doslitar inni. Kva ein ikkje kan få til her i verda" Berre kreativiteten set grenser!

- Evelyn -


Nesna gjer seg i sno!! F.v.: Herminia Din, Evelyn Utigard og Catrine Hole
Foto: Hans Petter Sørensen

Pam er inspirert! :)
Foto: Hans Petter Sørensen

Storebjørn
Foto: Hans Petter Sørensen

Lillebjørn
Foto: Evelyn Utigard

Mette og Herminia har utstyret i orden!
Foto: Hans Petter Sørensen

 
Eirik går amok på pelsmarkedet!
Foto: Hans Petter Sørensen



























Og heilt til slutt, frå det poetiske hjørnet



JETLAG-POESI

Gladtrøytte tryner
reingjorde sveitthol
Vaklar til frukosti i strålar av sol
Herre Dude, FRU ALASKA
så herleg å vere framme
Klare for snøen,
for å skinne og "glamme!"



- Evelyn Utigrad -  





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar