torsdag 6. mars 2014

HELGELAND SATT PÅ KARTET



KVEN SKRIK HØGST? 

Midt i prosjektveka fekk me presentere litt nærmare kva høgskulen i Nesna står for, med tanke på utendørs læring på tvers av fagdisiplinane. Studentane om studentmiljø og åtskodingar, Elin Nystad om det overordna faglege, og lærarane om prosjektet sitt. Nærare 60 studentar møtte opp denne kvelden. Me kan melde om god stemning i salen med mykje humring og ivrig lytting til opplegget til Mette Gårdvik, Karin Stoll og Wenche Sørmo: Korleis kombinere kunnskap om snø med kunnskap om Edward Munch og verket "Skrik", og i same slengen bygge breiare interesse rundt kva lyd er for noko. Alternativ og spenstig måte for born å kunne lære seg å sjå ulike samanhengar på, i tillegg til at born også lærer annleis når dei får bruke heile seg sjølv. 

KONKURRANSE: 

Før avreise hadde Sørmo dessuten målt kor høgt Grunnskulelærar-klassa 5-10 på snøbyggartur til Straumen hadde klart å skrike. No skulle dei oppmøtte Anchorage-studentane målast ute i Skrikparken vår. Her er resultatet.


 
1.plass: 

Anchorage-studentane på 3. forsøk: 100 db

2.plass: 

GLU 5.-10 Nesna på 1. forsøk: 98 db



Gratulerar til Anchorage!  

(Sjølv om det spekulerast i om dommarane kan ha vore litt rause, eller om Anchorage-studentane hadde eit større skrikebehov). 



INSPIRERTE TILSKODARAR

Kåre Børli frå Polarsirkelen friluftsråd som også er med på turen avslutta kveldens foredrag frå Helgeland.  Han påpeikte (som resten) kor viktig det er for born med leik og læring på utsida av klasserommet, og synte audiensen fleire filmsnuttar han hadde laga. Han leika med hypotesa om at nordmenn med sine knappe 5 millionar innbyggjarar gjer det så godt på OL-statestikken kanskje fordi me frå tidlege barneår stimulerast med utenførs læring som fører med seg mange fine gevinstar? Sjølvstende, løysningsorientering, berekrafigheit, sterkare psyke og fysikk. Fridomen til å drive og stimulerast til uorganisert leik og dra seg nytte av kroppens og stadens moglegheiter, sjølv om utgangspunktet for Børli aldri er å skulle påverke nokon til å måtte bli olymiske mestarar i framtida. 

Klikk lenkene for å få deg ein hipp smakebit du også:

ACTIONRENNET I VALNESFJORD, av Kåre Børli

ISTID, av Kåre Børli



Då han var ferdig og gjekk ned frå podiet fortel han at det kom gåande ei stille og vár Yupik-kvinne bort til han. Ho uttrykte begeisting for filmane ho hadde sett, sjølv om dei føregjekk på norsk. Ho var takksam, fortel Børli. Ho følte at filmane og bileta var skildrande for hennar liv som lita, ved utløpet av Klondakelva nordvest i staten. Seglande til og frå skulen på skøyter, kvar ho også tilbrakte mykje uorganisert tid ute i skogen. Ho syntes at det var både artig og uhyre viktig at nokon arbeider for å stimulere born til denne typen aktivitet og læring. Særskildt når nett, media og informasjon stadig okkuperar mykje meir av tida vår, med store endringar i levemønster der naturen kvardagsleg sett får mindre plass. 

Kanskje traff me nokre engasjerande nerver hjå publikum? Kanskje minte foredraget vårt om kjende element i Alaska? Kanskje var desse ideologiane med på å understreke verdiar som også desse studentene synest er viktige? Kanskje blir folk så inspirert at dei tek i bruk ideane i framtida?  

Og kanskje får Nesna besøk av ein Anchorage-student til neste år? 



 Mt. McKinley
Foto: Evelyn Utigard







- Evelyn Utigard



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar