mandag 3. mars 2014

MØTE MED KUNSTEN



Foto: Hans Petter Sørensen
Ein framleis jetlag-trøtt gjeng møtte opp på Anchorage Museum med ulike forventningar til «ein heil dag på museet». Først skulle me få vere med på dugnads-opphenging av elevkunst frå 70 forskjellige barne-, ungdoms- og videregåandeskular i Anchorage. Deretter skulle Herminia, vår fantastiske kvinne i byen, gi oss ei omfattande omsyning i dei forskjellige avdelingane, der både samtidskunst og historiske utstillingar pryda veggane. Som kunstnarbarn og kreativ sjel såg eg verkelig fram til besøket, trass i det freistande solskinet og dei snødekte fjella som blenkja friskt imot oss på motorvegen. 

Catrine og Evelyn beundrer utsikten fra toppen av Anchorage Museum
Foto: Hans Petter Sørensen









Unge kunstnarar 
Foto: Catrine Hole


Då me kom fram til museet fekk me møte tre engasjerte lærarar som allereie var i gong med å henge opp elevkunst i alle slags fasongar og formar. Dei fortalde litt om seg sjølve før dei sette oss i arbeid, så her var det berre å brette opp armane og gjere sitt beste. Me tok på oss kunstbrillene og hamra inn spikrar til me vart overbeviste om at me hadde gjort ein god jobb.



Medan me jobba på lag med lærarane fekk me innblikk i korleis dei jobbar med kunst i skulen i Alaska. Eg vart imponert over kor stor plass det verkar som kunst har i klasserommet her, og kor mykje fokus elevane får på sine eigne verk. Gjennom denne utstillinga der hundrevis av born og ungdomar har bidratt med kunstverk er det tydeleg at dei og får vere utøvarar, ja dei får rett og slett vere utstilte kunstnarar. Eg trur kanskje det ligg noko veldig viktig og bra i det å gi borna plass i kunstverda, at dei kan få uttrykkje sine kjensler, tankar og opplevingar i verda gjennom blant anna teikning, maling, foto, leire og alle dei andre ulike verktøya dei har tilgang til. For det kjem tydeleg fram at det er både boblande kreativitet, djupe kjensler og store talent å spore i barn og unge sin kunst her, men det er kanskje ikkje så rart? Desse borna får virkelig lov til å jobbe med kunst, og samstundes utvikle seg både kjenslemessig og estetisk.

Foto av teikning: Catrine Hole

Det at Anchorage Museum har ei slik utstilling, der born og unge og deira arbeid vert framheva, meiner eg seier alt om å ta kunst på alvor. Eg er usikker på om me er like flinke i Norge. Som lærarstudent sjølv kjennes det i alle fall som om kunst og handverk vert meir og meir «ufagleg-gjort» i norsk skule, og at denne prosessen går i utakt med det behovet verda har for kreative og nytenkjande menneske. Utstillinga GYRE (sjå lenger ned) kanskje kan sette dette i eit større perspektiv.


Mykje fascinerande å festa blikket til her
Foto: Catrine Hole


Omvisning i ei samansatt kunstverd 
 

Her må ein følgje instruksar Eirik!
Foto: Catrine Hole
Då dei imponerande kunstverka laga av elevar i Anchorage var komen på rett plass i og over aulaen, supa me i oss ei ramsterk thaisuppe før me smaug oss vidare inn i museet si indre verd. «Just follow me» smila Herminia med sitt tolmodige lynne, medan den norske delegasjonen gjorde seg ferdig med alt det dei tilsynelatande måtte gjere før dei endelig var klar for omsyninga. Me er ikkje berre enkle å ha med å gjere tenkte eg i mitt stille sinn, medan eg i siste liten sprang etter kameraet mitt i garderoben. Say no more...

Evelyn og Herminia foran kart over Alaska, Herminia kan lære oss mykje om urbefolkninga i Alaska og deira historie
Foto: Hans Petter Sørensen
Den faste utstillinga av kunst og historiske gjenstandar gav oss eit innblikk i både urbefolkninga si historie og landet si utvikling heilt fram til i dag. Her finst flotte miniatyrar og utstoppa bjørnar som deler plass med utsnitt av gigantiske oljekablar som i dag kryssar store delar av Alaska. I enden av denne utstillinga fann me plutseleg Alaska sin aller største heis, som tok oss opp til toppen av museet. Her fekk me nyte ei nydeleg utstilling; Proximity av Margo Klass. 


Ein av dei mange flotte installasjonane til Margo Klass
Foto av installasjon: Catrine Hole

Små sirlige figurar og installasjonar laga i både naturleg og resirkulert materiale. Uttrykket er lågmælt men fengjande, og dei opne installasjonane gir meg assosiasjonar til dokkehus og miniatyrar. Likevel er det noko alvorleg og poetisk over dei små universa som inviterer oss inn til refleksjon og ettertanke. Denne opplevinga vart for meg i grunn berre forsterka idet eg forflytta meg nedover til utstillinga i etasjen under. 




Sjokk og inspirasjon 

Samarbeidsutstillinga GYRE - the plastic ocean var kanskje den utstillinga som ropa høgast og klårast av alle dei samlingane me såg i løpet av dagen.

Foto: Hans Petter Sørensen


Ein av mange ofre for den forsøplinga eg og du står for i dagens forbrukarsamfunn - groteskt men verkeleg
Foto av foto: Catrine Hole

I ein heil etasje har 20 anerkjende kunstnarar frå heile verda stilt ut resultatet av et stort kunstprosjekt:
  
"The Gyre Project er et samarbeid mellom Anchorage Museum og Alaska SeaLife Center, hvor problemet med marint søppel belyses gjennom en vitenskapelig ekspedisjon i 2013 og en samtidskunstutstilling nå i 2014. Plastemballasje fra forbrukerkulturen vår finner veien innom verdens hav og deretter inn i hendene på kunstnerne. Våre hav og strender er fylt med plast og forurensning drevet av gyrer (roterende havstrømmer). Utstillingen utforsker forholdet mellom mennesker og havet i en moderne forbrukskultur." 

Du kan lese meir om utstillinga og prosjektet på Anchorage Museum si nettside, og sjå ein film om prosjektet her. Det anbefalast på det sterkaste!


Her fann den norske delegasjonen ikkje berre vakre kunstverk, men og store overraskingar, viktige bodskap og ein god porsjon inspirasjon. Ein tanke slo meg umiddelbart medan eg gjekk der og kikka med hjarta i halsen; kva i helsikken er det me held på med eigentleg? Korleis har me hamna her? Det var ikkje berre urovekkjande, det var direkte avstøytande. Å samstundes vere i Amerika, som ligg på toppen av plast-kast-lista, gjer meg uroleg. Alle tala og statistikkane er drepande, og mi eiga kildesortering og plastposebevissthet er umuleg å oppretthalde her, alt er plast, og alt skal me kasta etter bruk. Ein kan verta sveitt av mindre.. 

Måleri, nokon av funna kunstrnarane gjorde på verdas strender vart foreviga
Foto av verk: Catrine Hole


Men midt oppi all galskapen kjende me alle at me vart forferdelig inspirerte. Her ligg det faktisk ei kjelde me kan bruke fant me ut, kanskje kan me og vere med på å skape større bevissthet rundt konsekvensane av forbrukarsamfunnet gjennom kunst? Kan me ta dette med oss heim og dra nytte av det personleg og i skulen? Me får sjå, inntrykket var i alle fall sterkt, og vedvarande. 


- Catrine -  


Evelyn og fotograf Hans Petter i dei store trappene i Anchorage Museum
Foto: Catrine Hole

Foto av fotoinstallasjon: Catrine Hole



Foto av foto: Catrine Hole

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar